• Gilbeys
  • Gilbeys
  • Gilbeys
  • Gilbeys

PostHeaderIcon Stordans på Rica Sunnfjord Hotell Førde

Då er det straks klart for den årvisse stordansen siste helga i Januar. I år som i fjor er det klart for dans i 2 etasjar på laurdagen. Vi held oss i Barthold bar både fredag og laurdag. Oppe syter Fernandoz og Contrazt for kjempegod dansemusikk laurdagen. Her er det berre å få planlagt eit av årets store dansehelgar, dette blir kanon. Og etter tilbakemeldingane frå i fjor å dømme, blir det nok stor oppslutning i år og. Det er berre å glede seg. Vi ser fram til å treffast igjen. Begynne å planlegge no?


 

PostHeaderIcon Kjempekveld på Fjøsen 30.12

Endeleg vart det ein tur på Fjøsen att, og dette hadde vi sett fram til. Som vanleg storstilt velkomst med Bjarne i spissen. Dei andre låg for anledninga på lading, til kveldens storinnrykk. Og både oppslutninga og steminga vart på topp. Skei er nesten i ein særklasse på dette. Jølstringane hadde lagt ei travel veke bak seg med og utan straum, og no var det endeleg klart for å spandere på seg ein kveld ute. Eit innslag med den lokale multikunstnaren "hennjinjen" vart det og tid til, med stor respons frå publikum. Dette er no blitt eit fast innslag, og ny melodi til neste gong er alt rekvirert. Det er berre å glede seg. Ellers takkar vi for 2011, og ynskjer alle eit Godt Nyttår i 2012. Måtte det bli mang ein festeleg anledning ute i året som kjem.

Vi ser som vanleg fram til å treffast att. Helsing oss i Gilbeys.

 

PostHeaderIcon November i Barthold Bar

Då takkar vi for oss, og for alle trivelige og gode dansehelgar som november gav oss. Takk til Sunnfjord Hotell som satsar på heilnorsk dansemusikk kvar helg: stå på. Og ikkje minst takk til eit fantastisk flott publikum som har vore innom desse helgane. Mykje moro og "løye." Vi tek ein tur nordover i fylket neste helg, og det er ein stor fare for at du finn oss i sunnfjordsalen den 10.desember på Sunnfjord Hotell. Vi ser fram til å treffast att.

 

PostHeaderIcon Flott dansehelg på Rica

Då har vi vore på Rica Sunnfjord Hotell i Barthold bar denne helga (04-05.11) Og dette vart ei flott dansehelg til slutt. Noko tynt i rekkene, men dei fleste ligg vel heime på lading til seinare helgar, samt julebordssesongen som ventar. Vi oppsumerar helga med eit flott og dansevillig publikum, og syntes dette sto til. Vi takkar for alle innslag, og det vart mykje lått og løye til slutt, denne helga og. Ekstra sceneopptreden vart det og tid til, synd at mikrofonen ikkje var på. Men god innsats krediterast intiativtakaren:, flotte greier. Då gjenstår det berre å ynskje velkomen attende til Rica alt neste helg, og vi ser fram til å treffast att.

 

PostHeaderIcon Dansehelg På Rica Sunnfjord

Helga 30.09 og 01.10 var det igjen duka for dansetrengde på Rica Sunnfjord hotell. Ogendeleg var det tid for oss å kome tilbake på Barthold att. Vårt trufaste publikum og nye dansevillige var ute denne helga, og etter ein svingom på dansegolvet. Bra besøk på fredagen, men laurdagen som vanleg den mest besøkte. Ikkje so rart når publikummet har fått justert inn til helge modus, kanskje har ein dreve rundt i badekaret og samla krefter ei stund for seg sjølv. Og då er ein klar for å gå ut for å gå inn. God stemning og mykje god dansing vart det. Vi takkar for ei aldeles strålande helg, og ser fram til mang ei helg i Barthold i November mnd.(omtrent alle faktisk) Så det er berre å krysse av i kalendaren, tappe opp att i badekaret, bestille time hos frisøren, og få justert det som skal til, og so ta turen ut på dans att. Vi er klare, og ser fram til å treffe dansepublikummet vårt att. Bilder blei det desverre dårleg med denne gongen, då vår sjølutnemnde fotograf meinte att "delete all" og "save all" er mykje det same. Desverre vart resultatet då deretter, og ingen bilder denne gongen desverre. Einaste bilde som overlevde var bilde av ein ledning og ein sykkel, og de har de sikkert sett før, so det so...

 

PostHeaderIcon Øyadans av gamle sorten

Askrova hadde nok ein gong værgudane på si side. 2 helgar på rad, med godt vær?? Anar vi at orakelet er kontakta. Og no skulle det bli fest på samfunnshuset. Alt som skulle til, var kjøpt inn og

Les meir

 

PostHeaderIcon Dansegallaen på Skei 12.06

For ei dansehelg sunnfjordingane har lagt bak seg. Dansegallaen på Skei er vel gjennomført atter ein gong.Ein vanvittig dugnads innsats og stå på vilje frå arrangørane, losa arrangementet på plass denne gongen og.

Les meir

 
Ressursar
Tilfeldig bilete
Jukebox
Traege%20Trine.mp3
Let%20Your%20Love%20Flow.mp3
Eit%20Skot%20Te.mp3
City%20Girls.mp3
Borja%20om%20fran%20Borjan.mp3
Logg inn



Sponsorar

Gilbeys on Facebook
Statistikk
Artikkelvisninger : 50967
Informasjon
Vi har 4 gjester her nå