Dansegalla på Skei 2010
Endeleg vart det klart for den årlege dansegallaen på Skei igjen. Arrangørane hadde gjort sitt for at alt skulle vere klart for storinnrykk denne pinsehelga. Alt var som det skal vere på slike tilstelningar, bortsett frå været. Dette gav arrangørarane litt ekstra å jobbe med. Men vi vestlendingar let oss ikkje skremme av litt vatn. Som kjendt er det ikkje lenge gjort å gløyme at det fakstisk høljar ned utanfor, og humøret stig betrakteleg utover kvelden og natta. Eit fantastisk dansepublikum møtte igjen opp, og gjorde kvelden til ein av årets "høydare" for oss. Vi fekk gleda av å opne gallaen kl. 19.00 Og snart kraup det fram dansetrengde gjestar i frå bubil,campingvogner,hotellrom, og ventande bilar. Denne kvelden var det to orkester til som underheldt eit flott publikum, Nemeleg Bjørns orkester, og Fernando frå Gjøvik. Bjørns orkester er her for andre gong, mens Fernando er her på sitt første besøk. Godt likt av publikum vart det dans ut i dei små timar med 3 orkester. Vi takkar for ein strålande dansekveld og alle gode tilbakemeldingar, og håpar vi snart treffast att for ein ny helaften. Då gjenstår det berre å ynskje Ingemars, og Thor Gjørans lukke til med søndagens tilstelning. Vi takkar og vertskapet på Fjøsen for denne gong, og for god bevertninga av oss 3 orkester på laurdagen. Stå på!








