• Gilbeys
  • Gilbeys
  • Gilbeys
  • Gilbeys
  • Gilbeys

PostHeaderIcon Minneord om Jan Ove Norevik

Onsdag 20. september 2007 fekk vi sjokkmeldinga:
Vi har mista vår gode ven og manager, Jan Ove Norevik, i ei tragisk bilulukke. Det heile var, og er framleis, uforståeleg for oss.

Jan Ove var ein unik person, med godt humør og med store visjonar. Han var lidenskapeleg opptatt av musikk.

Han delte gladeleg ut sin kunnskap og røynsle om musikk til både arrangørar og musikarar. Spesielt dansemusikken hadde han stor interesse for, og dette fekk også vi i Gilbeys nyte godt av. Med mottoet ”musikk til alle anledningar; ingen for store og ingen for små, ” sytte Jan Ove for musikk til dei fleste høve. Også arrangørar utanfor fylket samarbeidde han mykje med. Han kom med idèar til arrangørane om korleis dei kunne få til arrangement av ulike storleikar. Jan Ove drog i gang dansegallaer rundt omkring i fylket, og vart brubyggjar for eit norsk vest-aust samarbeid innan dansemusikk. Han hadde ein spesiell nærleik til orkestera og arrangørane sine.

Særleg var venskapet til orkesteret Ole Ivars noko av det største for han. Dette kameratskapet sette han umåteleg stor pris på, og snakka ofte om det. Han kom ofte med nyhende om musikk og danseband, og fortalde om korleis stoda var på andre sida av fjellet. Jan Ove var byrja å få den storleik og profil på firmaet sitt som han lenge hadde hatt visjonar om. Vi let oss imponere over planane om større arrangement, men samstundes tvila vi no og då litt på om planane kunne la seg gjennomføre. Men Jan Ove såg stort sett undrande på oss alle, og lurte heller på kva som var problemet. ”Dette går!” sa han som regel. Spesielt vart dansegallaen på Vesterland den store suksessen for Jan Ove, i tillegg til teltdansen på Skei, som samla over 700 danseglade. Dette gav han mot og sjølvtillit til å halde fram med å tenkje både stort og smått.

Jan Ove var godt i gang med å setle neste års dansegalla på Vesterland, og fleire andre store arrangement. Vi vil alle sakne han og evna hans til å skape noko, og få i gang tilstelningar med musikk. Mange danseglade har mista ein primus-motor for dansemusikken. Jan Ove var samlande, og vart det bindeleddet som lenge hadde mangla i musikkmiljøet. Vi har nok mista ein meir betydeleg person enn mange er klar over. Vi saknar engasjementet, nærveret, latteren og det smittande humøret til Jan Ove, men han vil alltid vere med oss i musikken.

Med stor respekt lyser vi fred over Jan Ove sitt minne.

Frå dine vener i Gilbeys


 
Ressursar
Diverse
Tilfeldig bilete
Jukebox
Traege%20Trine.mp3
Let%20Your%20Love%20Flow.mp3
Eit%20Skot%20Te.mp3
City%20Girls.mp3
Borja%20om%20fran%20Borjan.mp3
Sponsorar

Gilbeys on Facebook
Statistikk
Artikkelvisninger : 20421
Informasjon
Vi har 3 gjester her nå