Historia
Historia om Gilbeys
Når ein ser tilbake til starten og fram til i dag, synest vi tida har gått rimeleg fort. Utstyrsmessig er det ein liten revolusjon og det er utruleg at dette ikkje er meir enn knappe 30 år sidan: Fjøyrklangmaskiner, heimebygde kraftforsterkarar, høgtalarar, songanlegg, bandekkomaskiner, som måtte tørkast før ein kunne bruke desse, eit par lamper til scenelys og mykje anna å vere interessert i dersom ein er arkeolog. Seine netter, tidlege morgonar, overnatting på dei mest utenkjelege plassar -og spele for mange og for få. Å kome heim i 5-6 tida på morgonkvisten og høyre fuglane kvitre, reise i all slags ver og i sjukdom. I alle desse åra har vi kun avlyst ei speling, og det grunna eit hjarteinfarkt. Det var god nok grunn. Vi har mang ein gong tenkt å endre namnet, men det blei fort godt innarbeidd og kjent. Og vi spelar i dag for 3 og 4. generasjon på dans. Rart å høyre frå dagens unge at både mor og bestemor har svinga seg til orkesteret opp igjennom tidene. Det hender og at alle 3-4 generasjonane er samla på dans. Imponerande! Vi synest framleis at det er moro å treffe att publikum, slå av ein prat og sjå at det blir dansa til musikken vår. Det er det som gjer det verdt å framleis halde på. Det er to år til 30 års - jubileum. Vi takkar vårt gode publikum og fans for gode opplevingar i snart 30 år. Vi ser som vanleg fram til å treffast att.Vi vil og få takke dei som sit att heime og held ”fortet”; våre familiar som gjev oss høve til å dyrke ein fantastisk hobby. Utan dei hadde ikkje dette vore mogeleg.
1982: Orkesteret Gilbeys blei etablert i 1982. Fire kameratar (Kurt Ove Åsnes, Per Kjetil Eide, John Rune Brede og Jan Helge Sellevoll) fekk ein førespurnad om å spele i ungdomshuset , og no hasta det å finne eit høveleg namn. På ein fest nokre helgar før vart namnet funne på ei flaske for vaksne, og ” sving” blei lagt til. ”Gilbeys sving.” Flott namn, tykte dei, og slik vart det. Utan at nokon av medlemane verken er avhengige av, -eller smakar gin, har namnet vorte ståande sidan.
1983: No byrja Reidar Veberg på keyboard, trekkspel, og song. Han hadde eigen mikrofon, og el- kassettspelar. Orkesteret heldt fram med fire mann, og oppdraga strøymde på. Namnet vart endra til kun ”Gilbeys”
1984: Tore Steen byrja i orkesteret som ny trommeslagar. Dette året vart og kapellhengaren bytt ut med ein sekssetars orkesterbil (biletet). Orkesteret fekk no òg sitt første PA –anlegg. Litt av ein overgang frå eit enkelt songanlegg
.
Frå venstre: Per Kjetil Eide, Tore Steen, Reidar Veberg, Kurt Ove Åsnes
1985:

Som ein ser på biletet var det viktig med mykje utstyr. Vi gjekk i NRK sitt lydstudio i Førde for å spele inn musikk, og NRK spelar framleis desse opptaka, snart 25 år seinare. Mykje avansert utstyr som vi berre kunne drøyme om. Til dømes kosta ei kvalitets klangmaskin den gongen omlag kr. 50 000,- for ikkje å snakke om opptaksutstyret. Dette året deltok vi òg på countryfestivalen i Førde (biletet under)

Litt av kvart, ei herleg blanding av utstyr. Her frå ei speling i Førdehuset, truleg 17 mai 1986. Trur vi har stabla omlag det vi hadde av utstyr og kassar, for å prøve å dekke denne store salen med lyd.Her er det 4 lysperer som held til scenelys :)

Her eit bilde frå Flakedans på Hauglands senteret i 1987 (Under)

1987: Vi fekk oppdrag å spele på Stafjord A - plattformen i Nordsjøen 17 mai. Kurt Ove likar seg til sjøs. Vi spelte på ein flytande serviceplattform, ”Polycrown.” Laaaaange dønningar, og bergensgatene gynga òg då vi kom i land.



1988: Vi bygde eige studio, og spelte inn den første og einaste kassetten. Omslaget vart trykt av ein kollega av Reidar med ei avansert kopimaskin, den gongen. Vi vurderer om vi skal gje ut ein ny kassett (Ikkje CD). Det blir nok litt stress i nokre heimar på jakt etter ein gamal kassettspelar som kan koplast til.

1990:

1992:

Frå Venstre: Tore Steen, Reidar Veberg, Per Kjetil Eide, og Per Loen.
1995: Per Kjetil Eide og Per Loen slutta i orkesteret. Orkesteret spelte no som trio ein del jobbar, med bassisten Kjell Henning Holko frå Stryn.
1996:

Fv. Reidar Veberg, Torgrim Rødvik, og Tore Steen
I 1996 byrja Torgrim Rødvik som ny fast bassist i orkesteret. No spelte vi trio i 8 år.
1998: Nyttårsaftan blei vi leigd ut til Nordsjøen, denne gongen på Troll A - plattformen. Verdas høgste og djupaste, og vi fekk vere med heilt ned i skaftet (366 meter under vassflata. Heisen tek 9 minutt ned!). Reidar hadde med seg trekkspel, og vi spelte og song ein trall. Og vi kan sende dette til Guinness, som den første trio i verda som har spelt så djupt. Men eit par melodiar følte vi ikkje var nok. (Katie Meluha heldt konsert der for nokre få år sidan.) Vi fekk skrive autografane våre på det djupaste punktet i skaftet; 35 meter nede i mudderbotnen, og vi var nøgde med det. Vi blei leigde ut att to gongar til på den same plattformen. Ei fantastisk oppleving!
1999:
Utklipp frå Songs avis ifrå speleoppdraget "flakedans på Fimreite" Journalisten skreiv alt vi sa. bla. bildekommentaren. Altså ingen sensur. uhyre interessang lesning.
2004: Ove Norevik Managment tok over som manager og bookingansvarleg for Gilbeys. Dan Mikal Ripe Frøystad begynte som steel gitarrist i orkesteret.
2006: Gunnar Bortheim byrjar som gitarist i orkesteret.

2006: Frå Venstre: Reidar Veberg, Tore Steen,Torgrim Rødvik,Dan Mikal Ripe Frøystad, Og Gunnar Bortheim.
2007: Vår manager, Jan Ove, omkom i ei tragisk bilulukke i september.
2009: Torgrim vèl å slutte i bandet etter 13 år. Familieauke og etterutdanning krev sitt. Ny bassist er Roger Pettersen, som hadde vore reservebassist for oss ved nokre høve.
2010: Ny Webside lansert. Og vi held fram i vårt 28. år på vegen. Stadig like begeistra for å kome ut for å spele til danseglade, og få treffe vårt publikum. Ein hobby vi er svært takksame for å ha.
Desse har spelt i Gilbeys opp gjennom åra:
Kurt Ove Åsnes 1982-1990 -Gitar og song
Jan Ove Sellevoll 1982-1983 -Trekkspel
Øystein Systadal 1982-1984 -Trommer
Per Kjetil Eide 1982-1995 -Bass
Bjørn Haugland 1985-1992 -Gitar
Jørund Flatjord(vikar) 1985-1985 -Bass
Tore Leirgulen 1991-1992 -Sax og gitar
Per Loen 1992-1995 -Gitar
Torgrim Rødvik 1996-2009 -Bass og song
Dan Mikal Ripe Frøystad 2004-2009 -Steel gitar,gitar, song
Dagens besetning:
Reidar Veberg 1983- -Keyboard,trekkspel,song
Tore Steen 1984- -Trommer og song
Gunnar Bortheim 2006- -Gitar og song
Roger Pettersen 2009- -Bass og song







