Storhelg på Sunnfjord Hotell.
Helga 16-17 April skulle bli to dagar med fantastisk godt dansepublikum. Fredagen vart den store overraskelsen eit reisefylgje med senior dansarar. Desse hadde vore ut ei vinternatt før...
Fullt golv alt etter første dansen, og dei blei verande der. Høg snittalderen var aldeles ingen hindring, vi vart "bitte litt" overraska når dei ba om melodiar av litt røffare country stilart. Men dei kviterte med linedance opptreden: rett og slett imponerande. Denne gjengen (sjå bilete arkiv) hadde dansa i 6 timar i strekk før på dagen, og var ikkje tenkt å gje seg med det første. Gav seg heller ikkje før dei måtte: Dei skulle jo danse like mykje dagen etter. Laurdagen viste det seg at fleire lokale ville ta turen ut på dans. Dette blei ein "toppen" kveld, og vårt trufaste dansepublikum stilte opp denne dagen og. (fasibukk er vist fine greier) Reidar sjarmerte som vanleg med alskens trekkspeltriks, og det sto til desse kveldane og. Tid til nokre ekstra nummer vart det og, og so var det heile over for denne gang. Tida går litt for fort, når den går for fort... Vi takkar for ei aldeles strålande helg, og takk til dei som igjen møter opp (medlemmane våre) og alle andre: Vi ser fram til å møtast igjen.







