Expanders (oprinneleg starta i Boden) starta i 1987, friskare takter enn generell danseband. Men spelar breidt nok til å kallast det. Ein av "Buggfolkets" desiderte favorittband. Personleg synest dette bandet er kanon. Likar du 6 takts musikk og friskara takter, gå ikkje glipp av desse om dei er i nærleiken.
Kindbergs eit kanonband frå Sverige. Ser ut som eit Country pust frå USA,(men Dansband og Country er same slekta, så kvifor ikkje) leverer varene kvar gong, og er eit heiltids orkester som gjer ca.120 jobbar kvart år. Starta ca.1987. Her er to videoar. Meir på Youtube folkens...
Sannex som blei starta i 1977 som eit skule prosjekt, er på vegen fortsatt. Sjølv om dagens elstemann er født i 1983. Eit meget godt orkester, og som høyrer desidert innunder kategorien "favoritter". Har du sjangsen så opplev desse. Friske takter og danseband nerven er med, sjølv om mykje av repertoaret er av litt nyare sjanger. Ein av bugg folkets favoritter.
Himlen och østerlen.
En live opptreden på gata i Uppsala, i Novemberkulde
Wahlstrøms, eit band som spelar ei blanding av gode gamle slagarar i ny drakt,nyare melodiar, og ei blanding av alt det andre. I so å seie eit perfekt lydbilde live, vart ganske paff første gongen eg høyrde dei live.Har fulgt med dei på nett, og radio etc. i 10 år før eg høyrde dei live i 2007. Er mektig imponert spesielt i mannen på keyboard "tobbe" som er noko av det beste sangprestasjonar eg har høyrt live (kvar gong). Vanvittig kontroll og teknikk på stemma, og så ser det ut som han ikkje anstreng seg i det heile. Og det skal nemnast at det er ikkje mange som held fylgje med denne karen på keybord heller. Låtskrivar er han og. Det blir tre ting ( = kinderegg.) Samt er gitarrist også vokalist med ei spesiell stemme, dette har vore varemerket til orkesteret sidan starten.Her er to videoar:
Drifters her i eit opptak frå Bingo lotto i Sverige, Leverer som vanleg. Stødig vokalsit Eric Sjøstrøm trakterar og både Saxofon og trekkspel. Drifters har som kjent og fått ny bassit Henrik Walrin også kalt turbo, har tidlegare spelt i bla.Wahlstøms og Black Jack.Klengenamnet seier vel det meste. Eit band som er begynt å turnere litt i Norge, verdt å ta ein tur å danse til :) Garantert. Har sjølv høyrt dei Live i Sverige eit par ganger. Og anbefaler dei på det varmaste.
Eit av mine desiderte favoritt band i "Mogen sjangeren"(har no so mange, eit par-ti i kvar sjanger minst) har hatt gleda av å høyre desse live eit par gonger. Har og eige Elvis Show. Her er Claes farlig nær orginalen i sang prakt. Vanvittig klar og fyldig stemme som matcher denne sjangeren godt.Eit rutinert mannskap med lang erfaring. Lars vart årets trommis i 2007. Eit orkester som lagar god stemning med sine mange slåande komentarer mellom melodiane. Spelar for det meste godt "mogent" dansemusikk. Men kvar er no denne grensa hen? Vi ser no at når ungdommen får eit par av det nyare slaget, er dei framleis med når dei fengande eldre slagerane kjem. Så har du sjangsen til å få høyre Claes Løvgrens live. Då er det berre å nyte dette.