Gjestebok
Onkel til ein nabo som kj...: Takknemmelig publikum.
Hei Gilbeys.
Ville berre få takke for alle koselege stunder opp igjennom åra. Det har alltid vore jordnære, og pratesalige med oss ned på golvet. Er nok og einige at dei 28 (første) åra har gått fort. Vi tenkte oss godt om (fruen) og fant ut at vi høyrde Gilbeys første gongen i 1984. No går ungane våre på dans, og jammen dansar dei til same orkesteret. Vi tenkte vi skulle ta att dei åra som ungane okuperte vår tid, men no blir det jammen barnepass igjen... Men syntest det var på sin plass med ei helsing og takk. Vi håpar de held på i mange år til. Artig å lese historia de har lagt ut. Vi lurte kven det var som hadde hjarteinfarkt, de ser no so spreke ut.
Gilbeys 16.05.2010: Heisann.(namn???) Takk for helsinga, 28 år til? vel det trur eg blir litt langt fram. Rullator og anna ekstra utsyr då trur eg, men tida vil vise. Det blir nokre år til, ja. Når det gjeld personen som hadde hjarteinfarkt, er han med endå. Meiner han sjølv ser best ut av oss alle, og steller helsa si so godt han kan. Ledetråd: Lengst fartstid= rett person.
torsdag 13. mai 2010
Gjest: Tips
Hei Gilbeys og alle Gilbeys fans.
Vil berre få gje eit godt tips til alle lesarane på denne sida. Under LENKER finn de fleire radiokanalar der det vert spela fin (svensk mest) musikk. Konemor og jag har lytta mykje på ein kanal som heiter DANSBANDSHITS, og her er det særleg nokre melodiar vi har "oppdaga". Den eine er av Niklas Holmgren og så er det Wahlstrøms da med "så speglas kjärleken". Høyr og nyt desse. Ser at 2re også har teke med ein del av Wahlstrøms på 2re`s side- så kanskje denne sangen kan vere noko for Gilbeis å spele inn. Det er ein fin duett, og det ville passe fint med ein Gilbeys duett også. Tar de utfordringa grabbar?
Helsing Jimmi
Gilbeys 21.04.2010: Heisann Jimmi, så er du her igjen, flotte greier. Ja flott melodi "Så speglas kjerleken",Og Trond Erics har gjort den velkjendt for dei fleste i Norge. Då måtte det blitt duett med Reidar, ikkje å forakte. Niklasen må eg høyre på ein gong seinare.Har plenty med melodiar som skal inn,står i kø. men mottakeleg for innspel. Lenkene er for å brukast. Og begynner ein først å klikke, blir ein lett sittande. Fleire blir lagde ut etter kvart.Hels Kona.
tirsdag 20. april 2010
Gjest: Takk til NLF og Gilbeys
Tusen takk til Norges Lastebileigarforbund (NLF) for at dei let lokalt medlem (med kone) av Norges Traktor- og Gråtass forbund få høve til å delta på dansen i samband med årsmøtet på Alex. Gilbeys leverte sjølvsagt "varene" denne kvelden også. Og "varene" vart ikkje levert korkje i traktor eller lastebilstil- men i beste BMW limosin stil. Dei inviterte til ønskjekonsert, og er veldig jordnære når dei omgåast (traktor)tilhengjarane sine i ledige stunder. Det er slik som vi landsens småbrukarfolk likar. Jimmi
Gilbeys 22.03.2010: Heisann Jimmi. Triveleg kveld.Kjekt at du likar rette bilmerket. Vi takkar for ein flott dansekveld, og det hadde ikkje vore det same utan deg og konemor, samt medlem nr.3 Vi treffast nok snart igjen.
mandag 22. mars 2010
Gjest: alex
Norges Lastebileigarforbund avd Sogn og Fjordane og Hordaland var samla til årsmøte på Alexanda Hotel i Loen i helga, og kva var vel meir naturleg at Gilbeys var leigd inn til å stå for dansemusikken. Dei hadde eit rikholdig utvalg av både nye og gamle slagerar og dei som hadde lyst til det, dansa til langt på natt. Mangt eit auge var vått når Reidar med stor innlevelse trakterte trekkspelet både med tango og vals. Den lokale fan-avdelinga var på plass og vi har tru på at fleire fanar melder seg på. Hald fram med å spele god musikk og med humøret på topp, kanskje (kitt)-medalje ventar.
Med helsin
Medlem nr 3 i Nordfjordavdelinga
Gilbeys 22.03.2010: Takk til medlem nr.3 Vi synest dette var ein overmåteleg fin kveld, trivelege gjestar og godt vertskap. Seint vart det denne kvelden og, vi storkosa oss. Reidar skuffar aldri på trekkspel, og 15 vers på kvar melodi må til. Det blei ein toppen kveld denne gongen og. Hels medlem nr.4
mandag 22. mars 2010
Halvard: Ny side
Det var sanneleg store forandringar. Her kan vi sitte å trykke lenge før en blir lei. Ser fram til alle desse lenkene vert tilgjengelige.Der skal det vist vere mykje snadder iflg.ein viss kar.Det ordnar seg nok. STå på med musikken gutter.
Gilbeys 18.03.2010: Hei Halvard takk for det. Lenkene visast rett i Mozilla nettlesar, men i explorer blir det litt feil. Vi jobbar med saken og løyser dette snarast.
onsdag 17. mars 2010







